Kort fortalt

Batterikontrakt for Hexagon Purus

Skal levere til lastebilar i California.

11.06.2021

Hexagon Purus skal levere batteripakkar og -system for inntil 100 lastebilar.

Avtalen er inngått med forhandlarkjeden Velocity Vehicle Group, og dei første leveringane blir i fjerde kvartal i år. Kor store inntekter avtalen gir Hexagon Purus er ikkje opplyst.

Bilane som blir utstyrt for batteridrift skal i hovudsak brukast i California.

Les børsmelding her

Publisert: 11.06.2021 07:19

Sist oppdatert: 11.06.2021 07:28