Aktiviteten vil truleg falle i haust og vinter, melder bedriftene i Regionalt nettverk.
Samtidig som prisveksten har auka gjennom sommaren, har aktivitetsveksten minka. Framover trur bedriftene at pris- og kostnadsveksten og høgare renter vil bidra til at aktiviteten fell ytterlegare.
Det går fram av den siste rapporten frå Regionalt nettverk som Noregs Bank offentleggjorde tysdag.
Det er framleis mange bedrifter som har kapasitetsproblem, men andelen er lågare enn i mai. Nesten halvparten av bedriftene slit med å få tak i arbeidskraft, ifølgje rapporten.
Utsalsprisane for bedriftene har auka meir enn nokon gong sidan Regionalt nettverk vart etablert i 2002. Men meir enn annakvar bedrift trur prisveksten blir mindre det kommande året. Saman med høgare renter vil dei auka prisane dempe etterspurnaden framover, særleg frå hushalda og oppdragsgivarar i bygg- og anleggsnæringa.
Bedriftene spår også at lønnsveksten i år blir på 4 prosent. Det er litt høgare enn ramma på 3,7 prosent som det vart semje om i lønnsoppgjeret.
Publisert: 13.09.2022 11:09
Sist oppdatert: 13.09.2022 11:10