Kort fortalt

Bekymra for at botntråling øydelegg

Forskar om livet i Arktis.

NPK
19.08.2021

(NPK): Samtidig som havisen smelter blir nye område tilgjengeleg for fiske i Arktis. Det er dårleg nytt for havbotnen, meiner forskarane.

– Landa som grensar mot Arktis må ta ansvar for å beskytte desse sårbare områda mot fiske og spesielt botntråling, seier seniorforskar Per Fauchald ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) til NRK.

I Arktis har det blitt meir fiskeaktivitet med botntrål i område der det tidlegare ikkje var mogleg på grunn av is. Forskarane fryktar at trålinga kan komme til å reinske delar av dei arktiske områda for liv.

Sjølv om det kommersielle fisket i Arktis er godt regulert, er ikkje bruken av trål bra for økosystemet, meiner Fauchald.

– Viss vi skal ha noko håp om å bevare dei artsrike samfunna på botn av havet, så er det avgjerande at dei sårbare områda blir beskytta mot botntrål.

I juni kunngjorde EU-parlamentet at ein vil vurdere eit forbod mot dette fisket.

Havfiskeflåten i Noreg og Russland har saman med den europeiske sjømatindustrien inngått ein avtale for å verne det marine miljøet i Arktis.

Avtalen seier at det ikkje skal drivast trålfiske i nye område rundt Svalbard og nordover i Arktis, før det er gjennomført ei grundig miljøkartlegging av området.

Interesseorganisasjonen til havfiskeflåten, Fiskebåt, meiner botntråling er godt regulert.

(©NPK)

Publisert: 19.08.2021 15:03

Sist oppdatert: 19.08.2021 16:00

Mer om