NPK: Havforskarar vil tilrå ei eiga regulering av berggylte fordi dei er bekymra for bestanden, skriv Fiskeribladet.
I dag vert alle leppefiskar regulerte under eitt. Det er sett ein totalkvote på 18 millionar leppefisk dei siste tre åra. Åtte av dei er likt fordelt på Sørlandet og i Midt-Noreg, medan ti millionar er sett av til fiskarane på Vestlandet. Ingenting er sagt om kor mykje som skal fiskast av kvar art.
– Alle snakkar om «leppefisk», men artane er veldig ulike. Berggylta er eg veldig bekymra for viss arten ikkje blir meir regulert. Vi vil nok anbefale eiga kvote for den neste år, seier Anne Berit Skiftesvik, forskar ved Havforskingsinstituttet.

Publisert: 30.05.2018 10:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39