Kort fortalt

Ber bankkundar bu seg på streik

Kan bli streik frå torsdag i bank og forsikring.

29.05.2018
NPK-NTB: Dersom du har viktige oppgåver du skal ha utført i bankar eller forsikringsselskap, rår Finans Noreg til å få gjort desse no. Frå torsdag kan det vere streik.
Tysdag startar Finansforbundet og LO meklinga med arbeidsgjevarsida i Finans Norge. Meklinga skal fortsette onsdag, med meklingsfrist midnatt natt til torsdag.
Dersom partane ikkje blir einige, kan over 21.000 tilsette i bankar og forsikringsselskap gå ut i streik frå torsdag morgon.
Finans Noreg, som representerer arbeidsgjevarsida, opplyser at ein eventuell streik vil ramme kundane «hardt». I utgangspunktet vil betalingstenester og nettbankar bli haldne i gang, men dersom det oppstår driftsproblem, kan resultatet bli full stans.
– Det vil då innebere store følgjer for kundane når det gjeld tilgang på banktenester som nettbank, betalingstenester og bruk av kort. I forsikring vil streiken blant anna få konsekvensar for tenester som pensjons- og uførebetalingar, skadeavgrensing, kundebetening og skadeoppgjer, seier kommunikasjonsdirektør Jan Erik Fåne i Finans Noreg.
Dersom ein har særleg viktige tenester som må gjennomførast i bank eller forsikring, anbefaler derfor Fåne folk å få gjennomført desse tysdag eller onsdag.
Finansforbundet har varsla at dei tar ut over 20.000 medlemmer i streik dersom det ikkje blir ei løysing. er omfattande og gjeld dei største bankane i landet, ei lang rekkje lokale sparebankar og mange forsikringsselskap.

Publisert: 29.05.2018 11:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39