Kort fortalt

Ber Forsvaret ta mer omsyn ved øving

Sjømatbedriftene opplever stor bekyrming.

NPK
11.03.2022
(NPK): Sjømatbedriftene ber om at fiskeri- og havbruksnæringa blir vareteke på ein betre måte i ny forskrift om forbruksområde for Forsvarets skyte- og øvingsfelt i sjø.

– Dette er ei sak vi i Sjømatbedriftene har jobba mykje med. Det har vore eit stort engasjement, og ikkje minst bekymring frå næringa i spørsmålet om skyte- og øvingsfelt i sjø, seier organisasjonssjef Kjetil Hestad i Sjømatbedriftene til iLaks.no.

Forsvarsdepartementet og Sjømatbedriftene hadde møte torsdag for å diskutere saka. ILaks skriv at Sjømatbedriftene opplevde møtet som konstruktivt og positivt

– Eg opplever at departementet lytta til argumenta våre, og at dei er positivt innstilt på å finne løysingar som både tek omsyn til forsvaret og behovet til næringsaktørane. Det er avgjerande viktig at vi får føreseielege løysingar som næringa kan leve med, seier Hestad.

(©NPK)

Publisert: 11.03.2022 11:40

Sist oppdatert: 13.03.2022 18:59

Mer om