Kort fortalt

Ber om stopp av Stad-vindmøller

Kjem med bøn til statsrådar.

20.08.2019
NPK: Vindkraftmotstandarar på Stad ber olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) og klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) gripa inn og stoppa dei planlagde vindmøllene på Okla på Stad.
I eit ope brev i Fjordenes Tidende, som også er sendt til dei to statsrådane, ber vindkraftmotstandarane Bård Fløde, Dagfred Berstad og Torkjell Djupedal om at konsesjonen NVE i 2013 gav til Okla vindkraftverk på Stadhalvøya i Selje kommune blir gjort om.
Det er ikkje første gongen artikkelforfattarane tek til orde mot anlegget. Tidlegare i sommar starta Fløde og Djupedal Facebook-gruppa «Nei til vindmøller på Stad» som har fått stor oppslutnad.
I appellen sin til departementet og dei to statsrådane peikar vindkraftmotstandarane mellom anna på at det er mykje som har endra seg sidan konsesjonen blei gitt.
– Vi vil med dette krevje ei ny vurdering av heile prosjektet, der tilhøvet mellom samfunnsnytte og naturskade må takast opp i si fulle breidde. Dette betyr at konsesjonen til å byggje ut på Okla på Stad i mellomtida må trekkjast tilbake, skriv dei tre artikkelforfattarane.

Publisert: 20.08.2019 15:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33