NPK: Eit ekstraordinært kommunestyre i Haram ber olje- og energiministeren trekkja tilbake konsesjonen for åtte vindturbinar på Haramsfjellet på Sunnmøre.
Utbygginga skulle etter planen starta neste veke, men gjennom det ekstraordinære kommunestyrevedtaket håpar politikarane at arbeidet blir utsett til klagen er behandla, fortel
Når kommunestyret ber om ny behandling, er det mellom anna fordi dei meiner det er gjort feil i saksbehandlinga.
– Konsesjonen vart gitt i ei tid då det var stort straumunderskot, og det vart vektlagt. Slik er ikkje situasjonen i dag, og på fleire område er mykje annleis enn for ti år sidan. Vi håpar det vi spelar inn no blir seriøst vurdert, seier ordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) til kanalen.
Også fylkesutvalet i Møre og Romsdal støttar klagen til kommunen.
Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg seier til NRK at departementet vil vurdera alle relevante sider av saka.

Publisert: 25.09.2019 12:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32