Ber Stortinget innfri nynorskløfte
(NPK): Nynorskorganisasjonane ber Stortinget om å innfri løftet om at nynorskelevar har rett til opplæring på eige språk gjennom heile grunnskulen.
Det er seks år sidan Stortinget bad Kunnskapsdepartementet om å sørgje for dette, og under budsjetthøyringa måndag vart oppfølginga etterlyst.
– Eg ber utdannings- og forskingskomiteen lytte til innspela våre og sørgje for handling, sa Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum. Saman med senterleiar Synnøve Marie Sætre ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa ved Høgskulen i Volda presenterte han budsjettinnspel og krav frå 17 nasjonale nynorskorganisasjonar i Nynorsk forum.
– Nynorskelevane treng digitale læremiddel, læringsverktøy og opplæring tilpassa dei frå barnehage og ut vidaregåande opplæring. Derfor er nynorskkompetanse i barnehagane, språkdelt ungdomsskule og digitale læremiddel og læringsverktøy avgjerande for at det skal vere mogleg å halde på språket sitt gjennom skulegangen, seier senterleiar Sætre.
Sandsmark peika på at nynorsk er under dobbelt press frå bokmål og engelsk, og understreka at det også er behov for læremiddel i høgare utdanning på nynorsk.
(©NPK)
Publisert: 24.10.2022 17:29
Sist oppdatert: 24.10.2022 17:30