Kort fortalt

Bergen avgrensar cruisetrafikken

Bystyret set eit tak.

24.10.2018
NPK-NTB: Fleirtalet i bystyret i Bergen vedtek onsdag å avgrense den veksande cruisetrafikken i byen.
Saman med Bergen Reiselivslag og Bergen hamnevesen vart kommunen i fjor einig om å setje eit tak på maksimalt fire skip og 9.000 passasjerar kvar dag, skriv .
I saka som byrådet legg fram for bystyret onsdag, ønsker dei eigentleg å redusere dette til tre skip og 8.000 passasjerar per dag.
Ifølgje ein rapport som Menon Economics har laga på oppdrag frå Maritime Bergen, Bergen Næringsråd og Bergen Reiselivslag er snittnytta per passasjer i Bergen er 1.090 kroner. 3 prosent står for så mykje som ein tredel av totalforbruket. Tek ein bort denne gruppa, er snittet rundt 700 kroner per person.
Høgre-politikar Charlotte Spurkeland er skeptisk til å avgrense talet på skip og er meir oppteken av å få elektrifisert hamna.
SV og MDG vil derimot innføre endå strengare avgrensingar enn byrådet. Dei ønsker eit tak på to skip og 5.000 passasjerar dagleg.
Den nye rapporten endrar ikkje synet til Diane Berbain (SV).
– Nei, ikkje i det heile. Det handlar ikkje om pengane, og Bergen får mange turistar som ikkje er frå cruiseskip òg, seier ho.
– Både utslepp til luft og vatn, men òg slitasje på byrommet og på kulturminne. Bergen eignar seg ikkje til masseturisme og bør satse på kvalitet framfor kvantitet, meiner ho.

Publisert: 24.10.2018 17:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37