Kort fortalt

Berre 3,9 prosent fiskarar er kvinner

- Kvinner må sjølv ta initiativ.

NPK
31.07.2021

Tidlegare leiar i Norges Fiskarlag meiner at trass i ein mannsdominert kultur, må kvinner sjølv ta initiativ for å bli fiskarar.

– Ein kan bruke mykje tid på å leggje til rette, men eg trur kvinnene til sjuande og sist må ta tak i dette sjølv, seier Reidar Nilsen til NRK Troms og Finnmark.

Nilsen har tidlegare vore leiar i Norges Fiskarlag, og har sett utviklinga til fiskaryrket over tid. Problemet er det same no som det var for åtte år sidan: Det er for få kvinner i fiskerinæringa.

Berre 3,9 prosent av alle fiskarar i Noreg er kvinner. Ein rapport frå Nofima har undersøkt kva årsakene til den skeive kjønnsfordelinga kan vere. Mannsdominert kultur blir trekt fram som ein av hovudgrunnane.

– Det handlar om å skape ein kultur som gjer det lettare for oss kvinner å velje dette yrket, seier Ida Marie Grape.

Ho er fiskar og skulle ønske ho var meir ettertrakta av aktuelle arbeidsgivarar då ho sjølv byrja i næringa.

– Eg skjøner bedriftene ofte vil ha folk med erfaring, men det er òg viktig å satse på nykommarar, og spesielt jenter, seier ho.

Publisert: 31.07.2021 12:31

Sist oppdatert: 31.07.2021 12:32