Kort fortalt

Beslag i 1000 teiner hittil i år

Butikkar sel ulovlege teiner.

NPK
18.10.2021

Sjøtenesta har teke beslag i rundt 1000 ulovlege teiner til no i år.

Sjøtenesta til Fiskeridirektoratet har på eitt år i snitt 133 turar på havet for å gjere inspeksjonar. I fjor gjorde båtane «Rind» og «Eir» 2086 kontrollar.

Seksjonssjef Rolf Harald Jensen i Sjøtenesta er uroa over at det er teke beslag i så mange teiner.

– Vi ser dessverre ikkje effekten av at vi følgjer med og kontrollerer. Det kan ha samanheng med at ein får kjøpt teiner til 50 kroner i ein del butikkar, seier han til Fiskeribladet. Han etterlyser samfunnsansvaret til butikkane som sel ulovlege teiner og ikkje informerer skikkeleg om det til kunden.

– Det er klart at fiskarane har ei plikt til å setje seg inn i regelverket, men butikkane burde vore meir samfunnsbevisste, seier seksjonssjefen.

Han fortel at tips frå publikum er ein viktig for aktiviteten til Sjøtenesta. Han har inntrykk av det er hald i dei fleste tipsa dei får inn.

Publisert: 18.10.2021 16:46

Sist oppdatert: 18.10.2021 16:47