NPK-NTB: I dagane før hummarfisket startar er det beslaglagd 112 ulovlege teiner i Møre og Romsdal.
Felleskontrollen i fylket var eit samarbeid mellom , Kystvakta, Statens Naturoppsyn og Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag.
Dei beslagla i alt 112 teiner og 2 ruser under aksjonen. Alle forhold er melde.
– Først og fremst er vi ute og kontrollerer at folk ikkje fiskar hummar før sesongen startar 1. oktober. Mange av beslaga vi gjorde under kontrollen er baserte på tips. Vi får mange tips om ulovleg fiske og det er vi svært glade for, seier seksjonssjef for kontroll i Fiskeridirektoratet region Midt, Karl Anton Lorgen.
Kontrollane avslører at teinene er sett ut for å fiske hummar med for små fluktopningar, men teinene er stort sett korrekt merka.
Under aksjonen vart farvatn på Nordmøre, rundt Ålesund og på Søre Sunnmøre kontrollert. Det har vore liknande aksjonar både i region Vest og region Sør i tida før 1. oktober.

Publisert: 02.10.2019 11:48
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32