NPK-NTB: Fiskelykka har vore god for dei som fiskar sjølaks og sjøaure i år. I Rogaland og Vest-Agder har fangsten nær dobla seg sidan førre sesong.
Den samla fangsten for sesongen 2018 var på 323 tonn laks og 5 tonn sjøaure. Det er ein auke frå året før på 11 prosent for laks og 9 prosent for sjøaure, viser tal frå .
I det største fylket for sjølaksefiske, Finnmark, gjekk fangsten ned med 5 prosent frå året før, til 132 tonn. Finnmark står åleine for 40 prosent av det totale laksefisket i sjøen. Også i Trøndelag opplevde fiskarane ein nedgang på 5 prosent. I alle andre fylke auka derimot fangsten.
Rogaland og Vest-Agder nær dobla fangsten for sjølaks i år samanlikna med fjoråret. Fiskarar i fylka drog inn høvesvis 27,3 og 27,5 tonn i 2018 og medverka med det kraftig til at resultatet på landsbasis vart det beste på ti år.

Publisert: 22.11.2018 09:40
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36