Besøksrekord på Bjorli skisenter
Vinterferie og masse snø er god kombinasjon for skisentra.
(NPK): Vinterferie, masse snø og sol gir gode inntekter for skisentera i Sør-Noreg. Fleire melder om rekordmange besøk så langt i vinter.
Bjorli skisenter i Møre og Romsdal sette besøksrekord sist laurdag, fortel Sunnmørsposten.
Den nye dagsrekorden er 3000 gjester, og totalt auka omsetninga med 30 prosent den første vinterferieveka. Styreleiar Marcus Barman fortel at også februar har vore svært bra for anlegget.
Både Hemsedal, Kvitfjell og Hafjell går mot beste sesong nokosinne, skriv Nationen.
– I Kvitfjell og Hafjell har vi hatt ein formidabel sesong så langt, med både masse snø og folk, seier kommunikasjonsansvarleg i Alpinco AS, Veslemøy Eineteig Wedum, til avisa. Kvitfjell ligg fram til veke sju fem prosent over den tidlegare rekordsesong 2021/22, medan Hafjell ligg tre prosent over,
Også Hemsedal rapporterer om både snørekordar og besøksrekordar.
– Samtidig har vi denne vintersesongen ein betydeleg auke i skituristar frå utlandet. Dermed går det mot tidenes beste skisesong her øvst i Buskerud, seier dagleg leiar i Destinasjon Hemsedal, Richard Taraldsen.
Generalsekretær i Norske alpinanlegg og fjelldestinasjonar, Camilla Sylling Clausen, fortel at fleire av dei 10 største alpinanlegga melder om rekordbesøk og rekordomsetning så langt i vinterferievekene.
– Fleire mindre alpinanlegg melder også om den beste vintersesongen nokosinne, seier ho.
(©NPK)
Publisert: 27.02.2023 14:34
Sist oppdatert: 27.02.2023 14:35