Kort fortalt

Betre bustadklima

Auka interesse for energi- og klimatiltak.

12.11.2018
NPK-NTB: Det kommande oljefyringsforbodet, kombinert med solrik sommar og høge straumprisar, har auka interessa for energi- og klimatiltak som Enova støttar.
I august vart det utbetalt nesten 22,4 millionar kroner for totalt 1.156 tiltak. Det er ny månadsrekord, melder Nationen. Den førre rekorden var frå desember i fjor, då Enova betalte 19,3 millioner for energi- og klimatiltak i norske bustadar.
– Vi har aldri fått så mange registreringar, og vi har aldri utbetalt så mykje i støtte gjennom Enova-tilskot som denne hausten, sier marknadssjef for bygg og energisystem i Enova Anna Barnwell.
Det er totalt 16 ulike energi- og klimatiltak som kan utløyse utbetaling dersom ein registrerer fakturaene hos Enova når tiltaka er gjennomført. Ein firedel av utbetalingane gjennom tilskotet går til oljekutt, noko som heng saman med forbodet mot å fyre med fossil olje, som blir innført frå 1. januar 2020.
Ifølgje Enova kan det vere så mange som 90.000 husstandar som framleis varmar opp bustaden med fossilt brensel. Dei må finne ei ny oppvarmingsløysing.
Eit anna jafs av tilskotet har ikkje overraskende gått til å støtte installasjon av solcellepanel. Den solrike sommaren har gitt ein boom på den marknaden, med nesten like mange anlegg installert i august som i heile 2017.

Publisert: 12.11.2018 10:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36