Kort fortalt

Betre enn venta for Equinor

Langt under rekordresultatet i fjor.

Marius Rosbach
27.10.2023

Equinor leverte eit resultat for 3. kvartal som er betydeleg lågare enn rekordresultatet i fjor. Det kjem fram i ei børsmelding tidleg fredag.

Konsernsjefen er likevel nøgd med at selskapet leverer betre enn analytikarane hadde venta.

– Equinor leverte sterke resultat og kontantstraum i eit kvartal påverka av mykje lågare gassprisar enn i fjor. God drift bidrog til høg oljeproduksjon frå Johan Sverdrup og den internasjonale porteføljen vår, uttaler konsernsjef Anders Opedal.

Driftsresultatet vart på 8,02 milliardar dollar – om lag 90 milliardar kroner.

I same periode i fjor hadde Equinor rekordhøgt resultat, i hovudsak grunna svært høge gassprisar.

Publisert: 27.10.2023 08:21

Sist oppdatert: 27.10.2023 09:28

Mer om