20230418 091931 001
EGGESBØNES: Auka omsetning for Bogne Breseri. Foto: Kjetil Haanes
Kort fortalt

Betring for Herøy-restaurant

Auka omsetninga, men gjekk i minus.

18.04.2023

Bogne Breseri vart etablert i 2020. Restauranten held til på Eggesbønes i Herøy kommune.

I 2022 omsette selskapet for 2,5 millionar kroner, ein auke på 1,4 millionar frå året før, men resultatet før skatt enda likevel på minus 120.000 kroner.

I år har restauranten hatt ei rekke temaarrangement, som amerikansk aften, med godt besøk. I tillegg til ordinær restaurantdrift, har ein catering.

Bak står Hallbjørn Hjorthaug Tømmerbakk. I fjor sysselsette selskapet tre årsverk.

Selskapet har 73.000 kroner i eigenkapital og null i langsiktig gjeld.

Bogne Breseri
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 2,5 1,1
Driftsresultat -0,1 0,04
Resultat før skatt -0,1 0,03

Publisert: 18.04.2023 11:21

Sist oppdatert: 18.04.2023 11:22

Mer om