Betring for Trollbarnehagane
Troll-Lia gjekk i pluss, Troll-Myra i minus.
Dei to private Trollbarnehagane Troll-Lia på Frøystad og Troll-Myra på Eggesbønes i Herøy gjekk begge i minus i 2021. I fjor auka både inntening og resultat.
Troll-Lia hadde eit resultat før skatt på minus 42.000 kroner, mot minus 607.000 kroner året før. Inntektene auka 1,3 millionar kroner til 16,3 millionar, der foreldreutbetaling utgjorde 2,7 millionar kroner og offentlege tilskot 13,5 millionar.
For Troll-Myra auka innteninga med 3,0 millionar kroner til 18,1 millionar. Her utgjorde foreldrebetaling 2,7 millionar kroner og offentlege tilskot 14,3 millionar.
Resultatet før skatt enda på 408.000 kroner, mot vel ein million i minus året før.
Troll-Lia barnehage har historie tilbake til 1989, medan Troll-Myra vart bygd i 2006.
Begge barnehagane sysselsette i fjor 26 årsverk.
Eigarar er Ann Kathrin Storøy og Inger Kristin Vike.
Dei to selskapa har ein samla eigenkapital på 1,7 millionar kroner og ei samla langsiktig gjeld på 4,1 millionar.
Troll-Myra barnehage | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 18,1 | 15,1 | |
Driftsresultat | 0,6 | -0,8 | |
Resultat før skatt | 0,4 | -1 | |
Troll-Lia barnehage | |||
Driftsinntekter | 16,3 | 15 | |
Driftsresultat | -0,1 | -0,5 | |
Resultat før skatt | -0,04 | -0,6 |
Publisert: 24.04.2023 12:00
Sist oppdatert: 24.04.2023 06:21