Selskapet Valldal Grønt vart stifta i 1998, og tek imot, bearbeider, distribuerer og sel bær, frukt og grønsaker for produsentar i Valldal, Stordal og Norddal.
Valldal Grønt har 27 aksjonærar, og sel i dag produkt frå over 20 produsentar.
2021 var eit dårleg år, der omsetninga gjekk ned med over seks millionar kroner frå året før. I 2022 tok salet seg opp att, og enda på 18,8 millionar kroner.
Resultatet før skatt vart på 102.000 kroner, mot minus 952.000 kroner i 2021.
Selskapet sysselsette i fjor tre årsverk, har 0,6 millionar kroner i eigenkapital og 6,1 millionar i langsiktig gjeld.
Største eigarar er Jan Ole Fuglem og Håkon Myklebust, som også er styreleiar og nestleiar.
Valldal Grønt | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 18,8 | 13,9 | |
Driftsresultat | 0,4 | -0,6 | |
Resultat før skatt | 0,1 | -0,9 |
Publisert: 08.05.2023 07:00
Sist oppdatert: 08.05.2023 07:46