Kort fortalt

Bildekk kan forklare laksedød

Forskarar trur dei har funne forklaring på laksedød.

NPK
07.02.2022

Forskarar har funne ut at bildekk inneheld kjemikaliar som er svært giftig for fisk. Avrenning frå tunnelar og vegar kan derfor vere ei årsak til fiskedød i norske lakseelvar.

– Det er eit stoff i bildekk som kan reagere med ozon, og då blir det danna eit veldig giftig stoff, seier Roar Sandodden, seniorforskar innan miljø og smittetiltak ved Veterinærinstituttet til NRK Trøndelag.

I USA har det vore fleire episodar med laksedød. Ei undersøking viser at bildekk inneheld kjemikaliar som er livsfarleg for laks.

No ønskjer forskarar i NINA å finne ut om gifta frå bildekka kan vere ein fare for den norske laksen.

Publisert: 07.02.2022 21:37

Sist oppdatert: 07.02.2022 21:38

Mer om