Finansminister Trygve Slagsvold Vedum vil ikkje kutte i drivstoffavgiftene, trass i at bensinprisen kan bli over 30 kroner literen i sommar.
– Det ligg ikkje nokon endringar i drivstoffavgiftene i vårt skatte- og avgiftsopplegg no. Men til hausten kjem me til å sjå på skatte- og avgiftsgrep og lage nytt budsjett for neste år, seier Vedum til NRK.
NHH-professor Frode Steen meiner det at regjeringa ikkje vil redusere drivstoffavgifta, aukar den økonomiske ulikskapen mellom folk som bur i byar og dei som bur i distrikta. Resultatet blir svekt kjøpekraft for folk utanfor byane.
– Det er nokre omfordelingseffektar som er viktige her. Dei som har elbil bur ofte i byane og køyrer kortare. Medan dei som har flest fossilbilar bur «på landsbygda» utanfor byane og køyrer lenger. Dermed er kostnadane større for dei, seier økonomiprofessoren, seier Steen til NRK.
Publisert: 10.06.2022 16:36
Sist oppdatert: 10.06.2022 16:37