Bilutleigar kjøper bilverkstad
Trips of Norway overtek etter Bertel O. Steen.
Trips of Norway på Valderøya kjøper bilverkstaden Brabil i Brattvåg frå Bertel O. Steen Møre og Romsdal. Det fortel dei to selskapa i ei pressemelding. Salssummen er ikkje oppgitt. Brabil har vore ei avdeling i Bertel O Steen Møre og Romsdal.
Trips of Norway driv bilutleige, både som ein del av Europecar-kjeda og i tillegg utleige av vip-køyretøy og transport til filmproduksjonar.
I alt er det snakk om ein bilflåte på omlag 80 bilar. Vedlikehald og reparsjonar skal no gjerast på eigen verkstad, i tillegg til at verkstaden eer open for andre kundar som før, fortel dagleg leiar og eigar Tore Aakre.
Brabil har både mekanisk verkstadavdeling og karosseriavdeling.
Publisert: 09.09.2022 14:36
Sist oppdatert: 09.09.2022 14:46