Kort fortalt

Bjørlo vil ha fleire skulehagar

Vil auke matberedskap og sjølvforsyning.

NPK
27.10.2022

– Dersom vi skal ha god matberedskap og sjølvforsyning i Noreg i framtida, må langt fleire enn i dag få lære om og bli van med å dyrke eigen mat, seier Venstre-politikaren Alfred Bjørlo.

Han tek opp spørsmålet i ein interpellasjon i Stortinget denne veka. Han meiner fleire skulehagar er ei av mange brikker i ei naudsynt omlegging av matsystemet til meir lokal matproduksjon og meir frukt og grønt.

– Det er årsaka til at eg no utfordrar kunnskapsministeren i Stortinget om kva som kan gjerast for å få fleire skulehagar over heile landet, seier Bjørlo. Han peikar på stigande matprisar, global matmangel, omsyn til folkehelsa og omsyn til klima og beredskap som viktige grunnar til ål auke interessa for å dyrke sin eigen mat.

– I mange land er skulehage ein sjølvsagt del av oppveksten til barn og unge. I Noreg er skulehage stort sett eit Oslo-fenomen, og det finst ikkje ein nasjonal politikk for fleire skulehagar. Det må vi endre på, seier stortingspolitikaren.

Han meiner at skulehage på kort sikt gir meir variasjon, trivsel og praktiske læring i skulekvardagen. På lang sikt vil det gjere at langt fleire enn i dag får kunnskap om å dyrke sin eigen mat.

– Det vil bli stadig viktigare i framtida, seier Bjørlo.

Publisert: 27.10.2022 04:02

Sist oppdatert: 27.10.2022 04:03