Kort fortalt

Bjørlo inn i næringskomiteen

Vil jobbe for Vestlandet.

04.10.2021

- Eg er glad og stolt over å bli Venstres medlem i Næringskomiteen, på eitt av Venstre sine mest sentrale politikkområde, seier Alfred Bjørlo, vald inn på Stortinget frå Sogn og Fjordane valkrins, i ei pressemelding.

Det er Venstre si nye stortingsgruppe som har peika ut Alfred Bjørlo i denne rolla.

- Eg går til verket med mål om å gjere Venstre til nr 1-partiet for dei som står på og skapar jobbar for seg sjølv og andre over heile landet. Grøn omstilling, klimakutt og ein offensiv næringspolitikk går for Venstre hand i hand. Det er ikkje staten som skaper dei nye jobbane. Det skjer i tusenvis av små og store bedrifter over heile landet, i både «gamle» og nye næringar – og ikkje minst i nye bedrifter som enno ikkje er skapt, seier Alfred Bjørlo.

- Vestlandet er verdiskapings-landsdel nr 1 i Noreg. Vestlandet har eit enormt vekstpotensiale i nye grøne næringar. Eg kjem som Vestlands-politikar til å invitere til eit breitt samarbeid mellom alle gode krefter for at Vestlandet skal ta leiartrøya i omstillinga til framtidas næringsliv. Å ha sterke Vestlands-politikarar på Stortinget blir særleg viktig med ei mindretalsregjering der mykje makt over næringspolitikken ser ut til å bli sentralisert og flytta til lukka rom på Youngstorget i Oslo – og EØS-avtalen i verste fall blir sett i spel, seier Bjørlo.

Publisert: 04.10.2021 08:02

Sist oppdatert: 04.10.2021 08:04

Mer om