Kort fortalt

Boikott kan presse opp prisen på kvitfisk

Russland kan få problem med å selje.

NPK
03.03.2022

(NPK): Om Russland blir avskoren frå eksport av kvitfisk, vil det slå sterkt ut på kvitfiskprisane.

Det skriv Kystogfjord.no.

Torskekvoten til Russland er om lag ein fjerdedel av den globale tilførselen av atlanterhavstorsk. No kan landet få store problem med å selje fisken sin, enten gjennom å bli fysisk nekta tilgang til norske hamner, eller gjennom generelle boikottiltak.

Dette vil gjere at prisen på kvitfiskartane vil auke mykje, skriv Kyst og fjord.

(©NPK)

Publisert: 03.03.2022 14:29

Sist oppdatert: 03.03.2022 14:30

Mer om