(NPK-NTB): Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) ber daglegvarekjedene om ei orientering om korleis dei har tenkt å få opp sal av sauekjøtt.
Bollestad har måndag invitert kjedene til eit møte om ein strategi for å få auka etterspørselen og salet av sauekjøtt.
– Nordmenn et for lite sau. Daglegvarekjedene sit tett på forbrukarane, og eg er no opptatt av å høyre korleis daglegvarekjedene kan bidra til å løyse nokon av utfordringane vi har rundt sal av sauekjøtt i Noreg, seier ho.
Salet av sauekjøtt har falle i Noreg i fleire år. Norske forbrukarar et stadig meir lam, men mindre sau. Sauekjøttet endar opp på fryselager for deretter å bli destruert eller brukt til dyrefôr.
(©NPK)

Publisert: 01.11.2019 09:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32