Bompengar i Ålesund frå august
Oppstartsdatoen er klar.
Styringsgruppa i Bypakke Ålesund har bestemt at oppstartsdato for innkreving av bompengar i Ålesund blir måndag 22. august.
Også prisar, rabattar og plassering av bomstasjonane er også klart, ifølgje ei melding frå Ålesund kommune.
Bompengane skal finansiere delar av Bypakke Ålesund, og det er lagt opp til ei innkrevingsperiode på inntil 15 år.
For dei med Autopass-avtale blir prisane 20,80 kroner per passering for personbil (bensin-, diesel- og hybridbilar under 3,5 tonn) og 10,40 kroner per passering for elbil (det er 50% rabatt for nullutsleppskøyretøy under 3,5 tonn).
Dei utan slik avtale betalar 26 kroner for personbilar (inkludert elbilar). Køyretøy over 3,5 tonn betalar 52 kroner og har krav om Autopass-avtale.
Publisert: 29.03.2022 13:53
Sist oppdatert: 29.03.2022 13:54