NPK-NTB: Fylkestinget vedtok tysdag at elbilar skal betale halv pris i alle bomstasjonar i Rogaland, men når vedtaket trer i kraft, er framleis usikkert.
Ifølgje kan elbilistane bli nøydde til å betale bompengar allereie frå hausten av, når dei nye bomstasjonane kjem i distriktet. Føresetnaden for dette er ifølgje avisa at det blir vedteke i revidert statsbudsjett at det skal vere lov å ta opptil halv pris i bomstasjonane for elbilar. Stortinget vil truleg vedta dette fredag.
Alle partia i fylkestinget er einige om at elbilar skal betale bompengar, men Venstre, MDG og KrF har foreslått å utsette iverksetjinga.
– Mange har investert i elbil, og mange står på venteliste for elbil, blant anna for at dei slepp bompengar. Difor meiner vi at elbileigarar burde fått betre tid på seg, slik at det vart meir skånsamt, seier Kjartan Alexander Lunde (V) til avisa.
Han seier bakgrunnen for ønsket om bompengar er at elbilar, på lik linje med andre bilar, slit på vegane og tar plass.
– Det er bra for miljøet at fleire køyrer elbil, men det må koste å bruke bil uansett, seier Lunde.

Publisert: 13.06.2018 08:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38