Kort fortalt

Boreal Sjø får fornya godkjenning

Men berre i seks månader.

NPK
16.03.2021

(NPK-NTB): Reiarlaget Boreal Sjø får fornya seglingsløyvet sitt etter at Sjøfartsdirektoratet har gjennomført ein ny inspeksjon. Men framleis er det fleire avvik.

Boreal fekk i desember i fjor seglingsforbod på ferjene og hurtigbåtane sine etter at ein kontroll avdekte fleire avvik og svikt i rutinar.

Deretter fekk reiarlaget eit nytt mellombels løyve i tre månader etter å ha lagt fram ein plan for oppfølging av avvika.

Det er denne oppfølgingsplanen som Sjøfartsdirektoratet no har kontrollert om reiarlaget har følgt opp, og konklusjonen er at det denne gongen ikkje har avdekt alvorlege avvik og at reiarlaget har gjort mange forbetringar.

Dei får dermed vidareført godkjenningsbeviset sitt (DOC) i seks månader. Sjøfartsdirektoratet er likevel ikkje heilt fornøgde.

Revisjonen har nemleg avdekt seks avvik som reiarlaget må følgje opp vidare, opplyser Sjøfartsdirektoratet i ei pressemelding.

Eitt av avvika som er avdekte, vil krevje umiddelbare tiltak, medan dei fleste funna får ein normal tre månaders frist.

(©NPK)

Publisert: 16.03.2021 13:53

Sist oppdatert: 16.03.2021 13:55

Mer om