Kort fortalt

Borten Moe vil senke skattetrykket

Vil stoppe Sveits-utflagging.

NPK
15.03.2023

Nestleiar Ola Borten Moe i Senterpartiet vil senke skattetrykket for å få utflyttarane heim frå Sveits.

– Eg hadde ønskt at dei hadde blitt her, både Kjell Inge Røkke og andre. Eg trur det har mykje å seie for Noreg over tid at den private kapitalen blir behalden i Noreg, seier Sp-nestleiaren Ola Borten Moe til Dagens Næringsliv.

På kort tid har 49 nordmenn flytta til Sveits. Desse bidrog med rundt éin milliard kroner i skatt årleg til Noreg.

På landsmøtet i partiet kommande helg vil han på vegner av resolusjonskomiteen i partiet leggje fram eit forslag om mellom anna at det samla skatte- og avgiftsnivået for norsk næringsliv blir redusert og å auke botnfrådraget i formuesskatten.

– Viss Senterpartiet vedtek dette forslaget om skatt til helga, og det trur eg vi gjer, er det dette vi vil arbeide for framover. Så blir det ei prioritering i regjeringa, seier Moe til avisa.

Publisert: 15.03.2023 11:51

Sist oppdatert: 15.03.2023 11:52

Mer om