NPK: Botntråling er den enkeltfaktoren som gir størst belastning på havbotnen, viser ein ny rapport.
Det nordiske prosjektet NovasArc har gjort meir enn 45.000 observasjonar i Grønlandshavet, Islandshavet, Norskehavet og den norske delen av Barentshavet. No konkluderer dei med at botntråling er det som påverkar områda og belastar økosystemet mest, skriv på nettsidene sine.
– I område der det blir tråla mykje, er botndyr naturleg nok meir utsett enn der det blir tråla lite. Går vi ut frå at tråling berre har negativ effekt der det blir tråla ofte, er mellom 10 og 30 prosent av arealet til dei sårbare naturtypane trua. I Noreg er botn med korallane sjøfjør nær kysten i område med reketråling meir utsett enn i dei andre nordiske landa, seier havforskar Lene Buhl-Mortensen ved Havforskingsinstituttet.
Prosjektet har kartlagt sårbare marine økosystem og fiskeriaktivitet i dei nordiske hava. God kartlegging kan gjere det enklare å miljømerke fisk.

Publisert: 18.09.2019 12:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32