Kort fortalt

- Bra utkast til Brexit-avtale

Det meiner Sjømatrådet.

14.11.2018
NPK-NTB: Noregs sjømatråd er nøgd med utkastet til brexitavtalen, utan å ha sett den endelege avtaleteksten.
– Det er svært positivt at Storbritannia og EU no synest å ha komme fram til eit utkast til ein brexitavtale sjølv om det står att ein del detaljar, seier Noregs sjømatråds utsending til Storbritannia, Hans Frode Kielland Asmyhr, i ei pressemelding.
Storbritannia stadfesta tysdag at det er semje om eit utkast til skilsmisseavtale mellom Storbritannia og EU. Den britiske regjeringa og leiinga i EU skal møtast på kvar sin kant onsdag for å ta stilling til forslaget. Det er dermed langt frå garantert at utkastet får full velsigning.
Sjømatrådet er likevel letta over at «partane har fått luka unna dei største hindringane og komme til semje om eit utkast».
Det er venta at forslaget til løysing vil gå ut på at heile Storbritannia blir verande i EUs tollunion inntil vidare, mens forhandlingane om meir permanente løysingar går føre seg. Asmyhr seier ein såkalla hard brexit ville ha vore det vondast tenkjelege alternativet for eksport av norsk sjømat til britane.
Noreg eksporterer sjømat for rundt 5,7 milliardar kroner per år til Storbritannia, som gjer det til den fjerde største marknaden vår.

Publisert: 14.11.2018 08:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36