NPK-NTB: Nordmenn er stort sett nøgde med breibanddekninga der dei bur. Dei som bur på bygda er minst nøgde.
Ei undersøking Sentio Research har gjort for Nationen viser at 69 prosent av folkesetnaden er nøgd eller svært nøgd med breibanddekninga der dei bur. I same undersøking for eitt år sidan svarte 72 prosent det same.
På landsbygda er 55 prosent nøgd eller svært nøgd med dekninga på breibandet. 23 prosent svarer at dei er svært misnøgd med breibanddekninga. For eitt år sidan var tala høvesvis 56 prosent nøgt og 22 prosent misnøgd.
– Ei utvikling med veksande misnøye med breibanddekninga kan forklarast med at stadig fleire i både bygd og by er avhengig av høg kapasitetsbreiband både i arbeid og private samanhengar. Her blir det stadig større «klasseskilje» – òg innover i kommunane, seier forskingsleiar Ivar Petter Grøtte ved Vestlandsforsking til avisa.
Han legg til at 82 prosent av husstandane i landet har tilgang på breiband med fart på 100 Mbit/s eller meir. Det vil seie at det framleis er nesten éin million personar som står utan eit tilbod om høgkapasitetsbreiband, skriv avisa.

Publisert: 27.12.2018 13:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36