Brukar kinesisk stein til vegprosjekt
For lite norsk stein.
Trass høgare karbonavtrykk blir stein frå andre sida av kloden brukt i norske vegprosjekt.
Det er for tida større etterspurnad etter enn det er tilbod på norsk stein, og dermed blir det henta stein frå Kina for å byggja norske vegar, skriv NRK.
Trass i at det er ni gonger større karbonavtrykk ved å henta granitt frå Kina enn frå Noreg, er det ofte kinesisk stein som blir nytta til kantstein og heller når Statens vegvesen bygg nye gater i Noreg.
– Det er berre å sjå seg rundt, du skulle jo tru vi hadde nok av stein sjølv, seier Jørn Kristian Engebø, byggjeleiar i Statens vegvesen, til NRK.
Då dei nyleg skulle leggja stein i ei gate i Sogndal, skreiv dei i anbodet at det skulle nyttast norsk stein. Likevel gjekk det ikkje slik.
– Vi fekk klar beskjed om at slik stein ikkje var å oppdrive, seier Engebø.
Publisert: 18.06.2022 07:33
Sist oppdatert: 18.06.2022 07:34