Kort fortalt

Brukte elbilar stig i pris

På grunn av leveringsutfordringar for nye elbilar, er det no høgare etterspørsel på bruktmarknaden.

NPK
10.11.2022

Auke i prisane har skjedd i år. Ein eldre Volkswagen e-Golf eller Kia Soul har nå same pris som dei hadde våren 2020. Ein må tilbake til mai 2020 for å finne like høge prisar på desse bilane som i dag.

I februar 2022 kosta ein Kia Soul 2016-modell i gjennomsnitt 92.000 kroner, medan snittprisen i slutten av august var 126.000 kroner.

Det er leveringsutfordringar for nye elbilar som fører til at endå fleire no ser etter brukt elbil. 50 prosent av alle som tenker å kjøpe elbil som neste bil, vil velje brukt, viser ei spørreundersøking Norstat har gjort for NAF.

– Lang leveringstid på nye elbilar har pressa prisane opp på bruktmarknaden, spesielt det siste året. I tillegg bidrar høge drivstoffprisar, kombinert med straumstøtte på heimelading til at fleire vil ha elbil. Elbilar har sju gonger lågare drivstoffutgifter enn bensin- og dieselbilar, seier Nils Sødal, kommunikasjonsrådgjevar i NAF i ei pressemelding.

Marknaden for brukte elbilar er framleis ny, og derfor meir utsett for prissvingningar enn bruktmarknaden for andre bilar. Ein kan risikere å betale ein overpris for brukte elbilar no. Med krig i Europa og forlengt leveringstid på nye elbilar er det usikkert når marknaden normaliserer seg.

– Sannsynet er stort for at vi om eit par år ser ein meir normal bruktmarknad og du får tilbake dei vanlege verditapa på bilane, seier Sødal.

Publisert: 10.11.2022 10:42

Sist oppdatert: 10.11.2022 10:43

Mer om