Kort fortalt

Brødrene Aa nominert til eldsjelpris

Tre nominerte til prisen.

14.09.2018
I tillegg til Hyen-bedfrifta Brødrene Aa, er Nesseplast og Fylkeskommunen si tannhelseteneste innstilte til årets eldsjelpris for bedrifter av IA-rådet i Sogn og Fjordane. På IA-dagen 27. september på Sunnfjord Hotell i Førde, vert ein av dei nominerte kåra til årets IA-eldsjel, opplyser NAV Sogn og Fjordane.
– Vi har fått inn mange gode forslag på verksemder, og desse tre er nominert. Dei er alle svært gode representantar for praktisk og god inkludering, fortel Tove Rygg, avdelingsdirektør ved NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane.

Publisert: 14.09.2018 10:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37