NPK: Hurtigruten AS og Tide Buss har inngått ein avtale om miljøvennleg busstransport i hamnene til Hurtigruten frå Bergen til Kirkenes. Målet er utsleppsfrie elbussar langs heile norskekysten.
Avtalen har ein verdi på om lag 200 millionar kroner og er ifylgje selskapa den største turbuss-kontrakten i Noreg nokon gong. Både Hurtigruten og Tide er godt nøgde med samarbeidet dei har kome fram til.
– Når vi satsar på ny teknologi og grøne løysingar, er det viktig for oss i Hurtigruten å finne samarbeidspartnarar og leverandørar som tenkjer på same måte. Akkurat som Hurtigruten arbeider Tide med å utfordra bransjen til å gå i ei grønare retning, seier kommersiell direktør Asta Lassesen i Hurtigruten i ei pressemelding.
Den nye bussavtalen omfattar både busstransport til og frå Hurtigrute-skipa og på rundt 100 ulike utflukter Hurtigruten tilbyr på små og store stoppestader langs kysten. I starten skal passasjerane på Hurtigruten fraktast med bussar som går på biodiesel der det er tilgjengeleg, men målet er at dei biodrivne bussane etter kvart skal bytast ut med elbussar.
– Med den nye avtalen skal vi saman med Tide arbeida for å innføra elbussar fleire stader langs kysten så raskt som mogleg, seier Lassesen.
Kontrakten mellom Tide og Hurtigruten tek til å gjelda frå september. Med opsjonar for forlenging gjeld avtalen for til saman for fem år og er den største kommersielle turkontrakten Tide har inngått. I tillegg til eigne bussar og sjåførar, skal selskapet samarbeida med ei lang rekkje lokale sjåførar og firma langs kysten.
– Det har vore viktig for oss å få på plass ein langsiktig avtale, slik at arbeidet til leverandørane og sjåførane våre kan bli føreseieleg. Med denne store avtalen i botnen, kan vi også arbeida langt hardare mot innovasjon og jakta på endå betre miljøløysingar for turbussar, seier kommersiell direktør Christina Flataker Johannessen i Tide.
Tide ønskjer å bli marknadsleiarane innan elbuss, og Flataker Johannessen karakteriserer avtalen med Hurtigruten som eit stort steg i denne samanhengen.
For Hurtigruten er den miljøvennlege bussavtalen den siste av ei rekkje grøne satsingar.

Publisert: 03.06.2019 19:38
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34