Kort fortalt

Bustadbygginga fall i 2020

Nedgang på fem prosent.

NPK
18.02.2021

(NPK-NTB): I fjor vart det gitt igangsetjingsløyve til bygging av nesten 30.000 bustader. Det er ein nedgang på fem prosent samanlikna med 2019.

Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) må vi tilbake til 2014 for å finne eit lågare tal igangsetjingsløyve enn i 2020.

Sjølv om Viken hadde ein nedgang på om lag 9 prosent frå 2019, vart det her gitt betydeleg fleire løyve enn i dei andre fylka.

– Viken gav klart flest igangsetjingsløyve til å byggje bustad i 2020. Med 9.788 igangsetjingsløyve har det i Viken vorte gitt meir enn tre gonger så mange løyve som i det neste fylket på lista, seier Jens Mathiesen, som er ansvarleg for statistikken.

Trøndelag er neste fylke på lista med 3.115 igangsetjingsløyve

Det er store forskjellar mellom fylka. Medan det i Agder har vore ein auke på nesten 30 prosent, har både Vestland og Troms og Finnmark opplevd ein nedgang på rundt 20 prosent i talet på igangsetjingsløyve gitt i fjor.

(©NPK)

Publisert: 18.02.2021 09:54

Sist oppdatert: 18.02.2021 19:53

Mer om