Kort fortalt

Bygdeungdom vil ikkje heim att

Bylivet freistar for mykje.

30.10.2018
NPK: Nesten heile årskull er i ferd med å forsvinne frå Bygde-Noreg. Bylivet freistar for mykje.
I ei meiningsmåling seier fire av ti, som bur utanfor Sogn og Fjordane, at det er svært, eller litt usannsynleg at dei bur i heimfylket om fem år. To av ti er høgst usikre, viser ei spørjeundersøking Sentio har gjort for og Fjordenes Tidende.
Forskar Gro Marit Grimsrud ved Norwegian Research Centre har sett på flyttemønster blant unge.
– I utkantstrøk er det opp mot 80 prosent av årskulla som flyttar ut. Då snakkar vi ikkje om dei som flyttar for å ta utdanning, men dei som registrerer utflytting, seier Grimsrud.
Tala frå meiningsmålinga er ikkje godt nytt for eit fylke der flyttepilene allereie peiker feil veg.
– Når dei unge flyttar ut frå bygda til byane, får dei barna i byane i staden for i bygdene, som bidreg til at befolkningsveksten skjer i sentrale strøk, seier forskar og demograf i Statistisk sentralbyrå Marianne Tønnesen.
I meiningsmålinga frå Sentio svarar om lag 21,3 prosent av dei spurde at dei trur det er svært sannsynleg at dei faktisk vil flytte heim.

Publisert: 30.10.2018 10:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37