Skulebat illustrasjon Selfa Arctic
Båtbyggjeriet Selfa Arctic i Harstad har fått kontrakt på tre nye undervisningsfartøy for Møre og Romsdal fylkeskommune. Illustrasjon: Selfa Arctic
Kort fortalt

Bygger tre båtar for skuleelevar

Investerer i båtar til tre skular i fylket.

NPK
27.10.2025

(NPK): Båtbyggjeriet Selfa Arctic i Harstad har fått kontrakt på tre nye undervisningsfartøy for Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det familieeigde selskapet Selfa Arctic AS skal byggja tre fiskebåtar som skal nyttast til opplæring ved vidaregåande skular i Hustadvika, Herøy og Ålesund, ifølgje ei pressemelding

Prosjektet gir viktig sysselsetjing for verftet.

– Denne nye kontrakten med fylkeskommunen betyr mykje for oss, og vi er svært glade for å ha fått på plass arbeidskapitalen som gjorde det mogleg å vinna anbodet, seier dagleg leiar Erik Ianssen.

Banken Sparebank 1 SMN fekk risikoavlasting frå Eksfin gjennom byggjelånsgarantiordninga, som dekkjer 27 millionar kroner av finansieringa.

– Selfa Arctic er eit godt døme på korleis byggjelånsgarantiordninga kan nyttast i norske prosjekt, seier Ivar Rekve, avdelingsdirektør for SMB og Havnæringer i Eksfin.

(©NPK)

Publisert: 27.10.2025 08:39

Sist oppdatert: 27.10.2025 08:46

Mer om