Kort fortalt

Byggkonkurs nummer fem i år

Ålesund-firma melde oppbod.

Marius Rosbach
07.02.2023

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i firmaet Dominante etter at selskapet melde oppbod.

Ålesund-selskapet som blei starta i 2018, er det femte bygg- og anleggsfirmaet som er gått konkurs i fylket så langt i år.

Det utgjer drygt 16 prosent av dei 30 konkursane som er opna i fylket til no. Nivået er ein nedgang samanlikna med fjoråret, då kring 30 prosent av konkursane var knytt til denne bransjen.

Tingretten fekk opplyst at selskapet hadde ei gjeld på kring 700.000 kroner og verdiar for 400.000 kroner, ifølgje Sunnmørsposten.

To av tre rekneskapsår har enda med minusresultat, og eigenkapitalen var tapt ved utløpet av 2021. Grunna omsetningsvekst i første halvdel av 2022, meinte styret at det likevel var grunnlag for vidare drift.

Publisert: 07.02.2023 00:08

Sist oppdatert: 07.02.2023 00:09

Mer om