Kort fortalt

Båt fekk 500 spøkelsesteiner

Forlatt av snøkrabebfiskarar i Barentshavet.

23.08.2018
NPK: Frysetrålaren«Gadus Njord» fekk nyleg 500 spøkelsesteiner i trålen då dei fiska etter reker aust i Svalbardsona i Barentshavet. Teinene var forlatne i havet av snøkrabbefiskarar.
– Dette er det verste eg har opplevd. Det er galskap – heilt absurd at det går an, seier skipper Eirik Hellesvik til . Reketrålaren måtte eins ærend til Tromsø for å levere bifangsten med teiner og fleire kilometer med tau.
– Berre på denne turen har dette ført til milliontap for oss. Eitt tapt trålhal kan bety 100.000 kroner i tapt inntekt for oss. I tillegg brukte vi fleire døgn ekstra på å rydde opp etter krabbefiskarane.
Dei fleste teinene hadde krabber og torsk i seg, som dei måtte kaste ut. Ein sel hadde også sett seg fast i ei teine, og auga på selen skal ha blitt gravne ut av krabben.
Snøkrabbefisket er stengt mellom 15. juni og 15. september fordi krabben då skiftar skal. Det er berre norske båtar som har lov til å fiske snøkrabbe i området. Hellesvik reknar med at det er norske båtar som er ansvarlege for spøkelsesteinene.
Han har fått med seg at snøkrabbefisket går i minus, og trur ikkje det er båteigarane som tar lett på tapte teiner. Han meiner mannskapet på snøkrabbebåtane har låg moral.
– Eg trur dei på ein eller annan måte har mista moglegheita til å hale dei inn. Men kvifor har dei ikkje sokna dei opp? Eg har ikkje noko imot krabbefisket, men dette er forsøpling. Dette handlar om folkeskikk. Kva for ein yrkesmoral har dei som set igjen dette, spør Hellesvik.
Reiar og fiskar på snøkrabbebåten «Tromsbas» Haakon Kjile Pettersen seier til Fiskeribladet at båten hans har tatt opp alle teinene før 15. juni, men kan ikkje garantere at alle andre har gjort det same. Han avviser at krabbefiskarane har dårleg moral.
– Det var ein fæl påstand. Eg kan berre prate for meg sjølv, og i reiarlaget vårt har vi ikkje låg moral. Vi har heller ikkje råd til å miste teiner, for det er såpass mykje pengar i dei, seier Pettersen.

Publisert: 23.08.2018 13:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37