Kort fortalt

Båtbransjen satsar på bruktmarknaden

Tema då aktørane drøfta fremtidsutsiktene.

NPK
06.02.2023
(NPK): Sal av brukte båtar var sentralt tema då båtbransjen nyleg var samla til konferansen «Marena» for å drøfte fremtidsutsiktene, skriv Båtmagasinet.

I dagens usikre økonomiske tider vert bruktbåtmarknaden vigd stor merksemd. Ifølgje forretningsutviklar Terje Dahlgren i Finn vart det annonsert brukte båtar til ein verdi av 18 milliardar kroner i 2022 på nettenesta.

I fjor vart det avertert 54.056 båtar på Finn, og 90 prosent av dei var brukte båtar, der heile 88 prosent av alle sala vart gjort privat. Snittprisen på dei brukte båtane var 317.570 kroner, opplyste Dahlgren på bransjetreffet.

Heile 16 prosent av befolkninga har lyst til å prøve båtferie, medan berre sju prosent har vore på båtferie dei siste tre åra. I befolkninga fødd etter 1980 er det ei aukande interesse for seglbåtar, kunne Anders Hovde frå meiningsmålinsinstituttet Kantar fortelje på konferansen.

(©NPK)

Publisert: 06.02.2023 11:10

Sist oppdatert: 06.02.2023 11:13

Mer om