NPK-NTB: Forskarar som har evaluert skattefunn-ordninga, gir regjeringa ei klar anbefaling om å vidareføre ordninga.
Evalueringa konkluderer med at skattefunn bidrar til å auke investeringane frå næringslivet i forsking og utvikling, og at dette gir meir nyskaping og auka produktivitet i næringslivet.
Finansminister Siv Jensen (Frp) vil no gå gjennom rapporten og be om innspel frå relevante aktørar.
– Samla sett vil dette gi oss eit godt grunnlag for det vidare arbeidet med skattefunn, seier Jensen.
Då skatteetaten kontrollerte 200 selskap i skattefunn-ordninga tidlegare i år, vart det avdekt feil og misbruk i halvparten av sakene.

Publisert: 02.07.2018 10:48
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38