Kort fortalt

- Bør unngå russisk sone

Fiskebåt med klar tilråding til medlemane.

01.03.2022

Organisasjonen Fiskebåt rår medlemsfartøya til å unngå å fiske i russisk økonomisk sone inntil vidare. Dette kjem som ein følge av den russiske invasjonen i Ukraina og det påfølgande spente forholdet mellom Russland og Vesten.

- Våre tankar går først og fremst til dei som bur i Ukraina, men vi må samtidig fortløpande vurdere kva følgjer situasjonen får for aktiviteten til våre medlemmar, seier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt.

Søndag gjekk Utanriksdepartementet ut med ei tilråding til nordmenn om å ikkje reise til Russland.

- Etter vårt syn er det ein auka risiko for at norske fartøy kan møte problem ved fiske i russisk sone, og at det kan bli vanskelegare for utanrikstenesta å hjelpe i slike situasjonar no enn tidlegare. Fiskebåt tilrår difor at norske fartøy unngår å fiske i russisk økonomisk sone inntil vidare, skriv administrerande direktør Audun Maråk til medlemmane i Fiskebåt.

Etter det Fiskebåt kjenner til er det per i dag ingen norske fiskefartøy som er i russisk sone. Den gjensidige sonetilgangen som er avtalt mellom Norge og Russland er framleis gjeldande, og det har ikkje kome meldingar om at nokon av partane har tenkt å gjere endringar i fiskerisamarbeidet.

Publisert: 01.03.2022 09:23

Sist oppdatert: 01.03.2022 09:24

Mer om