Hexagon Composites amerikanske datterselskap, Hexagon Agility, skal levere tanker og system for bruk av natur-/biogass til store lastebilar i den amerikanske markedet.
Kontrakten er på 4,3 millioner dollar, tilsvarende 47 millioner kroner etter dagens kurs.
Gassdrevne lastebiler har no fått motorer som er på linje med kraften og rekkevidden til tilsvarende lastebiler som går på diesel, skriv Hexagon Composites i en børsmelding.
Det utvidar marknaden for lastebilar som Hexagon Compositets kan levere tankar og system til, ifølgje børsmeldinga.
Opptur på børs
Hexagon Composites-kursen ligg no på eit nivå den ikke har hatt sidan 2020/2021, då den fekk draghjelp av eigarskapen i det som blei skilt ut i Hexagon Purus og børsnotert som eit eige selskap.
No spelar truleg resultata til Hexagon Composites si eiga verksemd ei større rolle i verdsettinga av selskapet.
Hexagon Compositets er framleis stor aksjonær i Hexagon Purus, med 38 prosent av aksjane, men har ikkje lenger full kontroll etter å ha seld seg ned undervegs.
Hexagon Purus lagar tilsvarande tankar og system som Hexagon Composites, men for bruk av hydrogen som energiberar.
Stig frå start
Hexagon Composites-kursen steig 6,3 prosent i dag, til 43 kroner aksjen.
Det verdset selskapet til ni milliiardar kroner og er opp oder 48 prosent sidan årsskiftet og 67 prosent høgare enn for 12 månadar sidan.
Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengte for dagen.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Hexagon Composites | 43,00 | 6,30 % |
Hofseth Biocare | 1,50 | 4,17 % |
Havila Kystruten | 0,67 | 2,60 % |
Sparebanken Møre | 90,00 | 2,27 % |
Hexagon Purus | 7,72 | 1,05 % |
Atlantic Sapphire | 0,08 | 0,96 % |
Romsdal Sparebank | 123,00 | 0,82 % |
Hav Group | 8,52 | -0,23 % |
Endúr | 58,60 | -0,68 % |
Norva 24 Group* | 31,15 | -1,89 % |
Salmon Evolution | 6,66 | -2,63 % |
Havila Shipping | 2,90 | -3,02 % |
Arctic Bioscience | 2,60 | -6,47 % |
Golden Energy Offshore Services | 27,10 | -6,55 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 30.10.2024 09:17
Sist oppdatert: 30.10.2024 21:07