Sjå børstabell for Nordvestlandet under
Hav Group-selskapet Norwegian Greentech melde onsdag at dei hadde sikra fleire nye oppdrag til ein verdi på nær 20 millionar kroner samla.
Elles var det tynt med nyheiter som dreia seg om verksemda til dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet.
Endúr melde rett nok også om ei kontrakt for dotterselskapet Igang Totalentreprenør på kring 95 millionar kroner, men desse held til på Austlandet.
Ingen av meldingane gav utslag på kursen for selskapa.
Etter at oljeprisen skaut opp tysdag, var det meir roleg på den fronten onsdag. Ved stengetid låg eit fat nordsjøolje kring 75 dollar.
Hovudindeksen på Oslo børs hamna i pluss med 0,13 prosents auke til 1638,08 poeng. Det er nok ein ny rekord.
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | kr 3,02 | 0,67 % |
| Atlantic Sapphire | kr 8,90 | -0,89 % |
| Endúr | kr 91,40 | 0,77 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 19,40 | -1,77 % |
| Hav Group | kr 7,02 | -2,50 % |
| Havila Kystruten | kr 1,30 | 0,78 % |
| Havila Shipping | kr 1,33 | -0,75 % |
| Hexagon Composites | kr 16,00 | -3,50 % |
| Hexagon Purus | kr 1,72 | -3,92 % |
| Hofseth Biocare | kr 1,90 | 0,26 % |
| Tinde Sparebank | kr 128,00 | 0,00 % |
| Salmon Evolution | kr 6,03 | 0,17 % |
| Sparebanken Møre | kr 101,62 | -1,07 % |
| * Kurs i SEK | ||
Publisert: 18.06.2025 17:22
Sist oppdatert: 18.06.2025 17:22






