(©NPK) Etter meldingane om massesøksmål mot fleire norske oppdrettsselskap i USA, fell selskapa på Oslo Børs, men ikkje dramatisk.
Dei amerikanske greinene av oppdrettsselskapa Mowi, Lerøy, Salmar og Grieg Seafood har vorte saksøkte for «ulovleg koordinering» i eit amerikansk massesøksmål.
Dei saksøkjande meiner at selskapa har drive prissamarbeid for direkte-kjøparar av oppdrettslaks og lakseprodukt.
Reaksjonen på Oslo Børs torsdag morgon er at aksjekursen til alle oppdrettsselskap fell, men ikkje dramatisk mykje.
Lerøy fell med 2,2 prosent, Grieg med 2,1 prosent, Mowi med 1,1 og Salmar med 0,9 prosent.
Nyheita om at Norwegian har utsett flyleveransane sine, kom onsdag ettermiddag. Torsdag leverte selskapet eit underskot på nesten to milliardar kroner etter første kvartal, men det var eit betre resultat enn det analytikarane hadde venta, så aksjen steig med 4,6 prosent etter eit par timar med handel.
(©NPK)

Publisert: 25.04.2019 12:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35