NPK-NTB: Med børsfallet på tysdag var så godt som heile oppgangen frå tidlegare i år forsvunne.
Hadde ikkje marknaden henta seg inn på slutten av dagen og avgrensa nedgangen til 0,4 prosent, ville børsen vore tilbake til same nivå som ved årsskiftet, skriv Dagens Næringsliv. Børsveksten som i haust såg ut til å bli rundt 15 prosent, er eten opp.
Ein av dei lengste oppturane gjennom tidene går mot slutten i USA, der det stort sett har gått oppover sidan finanskrisa i 2008. Når ein økonomisk opptur går mot slutten, pleier det å bli nokre kraftige fall i aksjemarknaden, forklarar sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i Sparebank 1 Markets.
– Ein kraftig nedtur på Oslo Børs er eit fall på 40 til 60 prosent. Mellom desse nedturane har vi mange korreksjonar, som kan vere fall på opp til 20 prosent, seier Andreassen. Han blir ikkje overraska viss børsfallet held fram.
– Men eg ville trudd at det store børsfallet skulle komme noko seinare
Hittil er børsfallet i Oslo på 13 prosent, omtrent like mykje som dei leiande indeksen i USA. Dermed er det førebels berre snakk om ein korreksjon.
– Vi byrjar å nærme oss eit større fall, og småselskapa i USA er der no, men ikkje resten av marknaden, seier sjeføkonomen.

Publisert: 19.12.2018 09:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36